Natur på vestlandet [Sommer]
   Velkommen   Turar   Galleri   Reportasjar   Bøker   Vossakalenderen   Naturguiding   Foredrag   Om oss  
 
GALLERI

Billedgalleri TEMA
Billedgalleri 2015
Billedgalleri 2014
Billedgalleri 2013
Billedgalleri 2012
Billedgalleri 2011
Billedgalleri 2010
Billedgalleri 2009
Årskavalkade 2009
Desember 2009
November 2009
Oktober 2009
September 2009
August 2009
Juli 2009
Juni 2009
Mai 2009
April 2009
Mars 2009
Februar 2009
Januar 2009

     

Årskavalkade 2009

No e da vår
 

16.november var det ein nydeleg dag i Bergsdalen med sol og plussgradar.Hamlagrøvatnet låg stille der sola steig opp over fjella i 9-tida. Det er såvidt eit tynt snødryss på toppane enno.  sjå fleire bilde her.



Sidensvans på jakt etter mat i  den milde novemberdagen. Høyr songen til fuglen her.



Gråtrasta kosar seg med rognebæra



Tore Wiers med Eksolaks  vill hann på ca 5 kg fanga 20.10.09.  Ekso er no i krise.  Det er for mykje rømt oppdretslaks i elva.Sjå innslag på TV 2 om saka.      Høyr naturens verden på NRK P1 radio frå saka.




Det er no skiføre på Vikafjellet på ca 1000 moh. Sjå større bilde her.  Sjå fleire bilde frå turen her.



Her er brua over til Finnbuene der det er vinter og  haust samstundes med open elv og haustfarga tre. Sjå større bilde her.



Sjå større versjon av bildet her.




Kurs i laksedykking og stamfiske i Daleelva 3.10.09.  15 laksar vart fanga. sjå fleire bilde her.



Sjå fleire bilde frå haust og snø her.




Tvinnefossen i storflaum 27.9.09 kl 17





Palmafossen i storflaum 27.9.09 kl 18.30. Sjå fleire flaumbilde her.


 
 
 
 

Det er no sopptid. Sjå meir om dette her.









Sjå dette bildet stort




Ein tur til Nord-Norge gjev perspektiv på kor langt, variert og vakkert land me har.


Kveld over Norges nasjonalfjell Stetind som ligg i Tysfjord i Nordland. Toppen er 1392 m høg og reiser seg steilt opp frå fjorden som ein massiv ambolt. "Gudenes ambolt" vert han kalla. Sjå reportasje frå turen til Stetind her.



Folk klatrar i veggen (Sydpillaren 13 taulengder) på Stetind. I bakgrunnen midtnattsol over Lofoten.


På Halls fortopp der klatringa tek til opp på toppen av Stetind. Hamarøy og Lofoten i bakgrunnen.


Frå Kvænangen i indre Troms. Midnattsol kl 24 om natta.



Innanfor Tostølen i Teigdalen ligg Kljåsteintjørna under berget. Fint fiske der. Sjå fleire bilde her.






Villmarksleir på Småbrekke i Bergsdalen for 14. gong



Barn i slåtten på Småbrekkegarden


Ny trelavu er komen. 33 barn på leiren



Vårelv i skogen på Moastølen



Dersom du er ivrig er det enno skiføre. Her frå Onen på Osafjellet 16.6.09. Sjå kart.



Sjå større bilde her. Sommaren si vakraste oppleving er å liggja ute i den ljose natta. Eg likar å ta nokre nye fjelltoppar kvart år og denne gongen. Sjå artikkel under reportasjar.
Sjå fleire bilde her.



Sjå større bilde her


Sjå større bilde her



På Skipadalsnuten på Raundalsryggen 31. mai. Det er fint skiføre her i heile juni. Sjå artikkel frå turen her.










Det er vår i Skipshelleren på Stamnes i Vaksdal kommune. No er det fullt liv og røre med born på jakt etter steinalderen. Sjå artikkel her.


 
        Rediger