Dersom du vil oppleva det store våreventyret, køyrer du til Gullbrå i Eksingedalen og går på ski over til Voss. Berre bilturen opp Eksingedalen er ei stor oppleving. Så tek du skia fått frå Gullbrå og går via Kvitanosi til Voss.
Dette er ein fin lang dagstur. Me tok turen den 13.mai. Det er lurt å få med nokon som berre vil på Kvitanosi, slik at resten kan fortsetja mot Voss.
Ruta er med gange ca 2 timar til Kvitanosi. Så vidare til Volahytta og Volavatnet. Her kan du gå over Til Lønahorgi eller over Volafjellet til Bulken.
Me tok også med oss toppen Hodn før me skrei ned til stølen Listre og vart henta med bil på Vethe på Bulken.
Heile turen må du rekna ca 8 timar på . Det er ca 3 mil strekning. Føret var heilt prima no.
Sjå bilde frå turen her.