Dei siste solstrålane sleikjer over Slettafjellet
.. og ei ny natt med under minus 25 grader er i emning
Gode fangstar på Vangsvatnet for tida. Ragnhild Dymbe med fin røye.
sjå meir her.
Stabil kulde i det siste har gjeve sikker is også på Vangsvatnet på dei fleste stader.Fiskeplassen er utanfor elveosen på Grandane. Her må ein passa på kvar ein går og ikkje for nær råka. Det går trygg sti ut på isen frå Voss kommune sitt reinseanlegg i Gjernesmoen. Gå derimot ikkje ut rett frå Grandane der det er usikre stader undervegs.Mange har fått fine fangstar. Eg møter ein sundag i februar familien Dymbe frå Dugstad i Skulestadmoen.Dei er ofte på Lønavatnet og fiskar, men skryter av finare fisk her ned på Vangsvatnet.Ja medan andre i nærleiken slit med å få fisk, dreg familien Dymbe opp fisk etter fisk.
Ein aure på ca 500 gram og fleir røyer på 200-400 gram
Familien Dymbe frå Skulestadmo kosar seg på isen med medbrakt fisketelt
6.2 2010 fekk eg meg ein artig møte med ein stor fin kronhjort på Bulken.
I 16-tida kom hjorten luntande nedover frå skogen til noko gras som var lagt ut. Det var den samme 12-taggaren som eg såg i fjor, men no hadde han 13 taggar (6+7 taggar). Han har ein spesiell smal fasong på kruna, som er lett å kjenna att. Eg hadde ein times undehaldning med hjorten som sprada rundt før han trekte seg unna og forsvann i skogen. Fleire artsfrendar kom nok fram i skumringa.
Sjå fleire bilde frå kald fin vinter her. Elva ved Vinje kokar i minus 20 grader.
Jernbanebrua i Skulestadmo på Voss var bygd i 1904. Ho er enno i bruk på Bergensbanen.
Årtalet 1904 er hogd inn i ein stein på brua.