Ministrane kom med eigen buss og ein stor delgasjon med fagfolk frå departementa sine, media og folk frå fylkesmannen i Hordaland. Delegasjonen var fyrst ein tur oppom Bolstad i Voss der Oddbjørn Helland frå grunneigarlaget fortalde om Bolstadelva og Vossolaksen som ei viktig livsnerve fram til ca 1990.
Nede ved Daleelva på Dale fortalde Inge Sandven i Dale- jakt og Fiskarlag om det nitide arbeidet deira med kultivering av elva og laksen gjennom mange år.
Innomhus i BKK sitt kursenter på Dale, fortalde forskar Bjørn Barlaup frå UNIFOB, ved universitetet i Bergen om kva forsking og kunnskapar ein har om vill-laksen, Osterfjorden og elvane. Han vist kva tiltak som er gjort og kva som må gjerast vidare for å redda vill-laksen.
Cato Lyngøy frå Vossolauget fortalde kva tiltak dei har vore med på for å "berga Vossolaksen"
Ordførar Eirik Haga takka for besøket i Vaksdal og minna ministrane om at vill-laksen og Vossolaksen er vår lokale "Panda" som me har plikt å verna om, på samme måte som me i Norge meiner at Afrika må verna om nesehornet og tigeren sin.
Haga gav ministrane kvar sin dvd-film om Furnes, ein einsam laksegard ved Bolstadfjorden, Filmen fortel historien om kva laksen betydde før og håpet om at vill-laksen skal komma attende. Dei fekk også med seg lokale bøker som viser naturmangfaldet i Vaksdal.
Kurt Oddekalv frå Norges Miljøvernforbund var på plass og med sine folk og aksjonerte mot Norsk oppdretslaks. Dette takla ministrane med godt humør.