.. i vinterkulda
Publisert: 09.03.10 kl. 07.59
Skribent: Sveinung Klyve, tekst og foto
Det er 25 minus og sylklar morgon ved Djukastein på Bulken.
Over Vangsvatnet ligg frostskodda tett og ei flott bjørk står ute på eit jorde dekka med rim.
Bjørka er dekka med eit tett lag med rim.
Skodda ligg tett over vatnet og er på veg ut or den blå timen.
Kl 8 kjem ei oransje stripe på himmelen i aust.
Så sleikjer dei fyrste solstrålane over Gråsida på 1300 moh.
Sola stig over åskammen og møter treet..
.. som vaknar til liv.
og vert gjennomlyst av vintersola.
..i eit eit utruleg fargespel.
Heile landskapet vert gult.
Slik har treet stått i mange år, men det er lenge sidan det har opplevd ein så fin vinter.
For ei stemning dette vart og slikt liv treet fekk sjølv no i starten av mars.