Natur på vestlandet [Sommer]
   Velkommen   Turar   Galleri   Reportasjar   Bøker   Vossakalenderen   Naturguiding   Foredrag   Om oss  
 
REPORTASJAR

Ministrar på besøk
Stork i vinterkulda
Sognefjellet lokkar med fine skiturar
Kald februar over Lønavatnet
Nytt år
Fullmåne
Morgonstemning
Levande bjørk
Sopptur
Einsam laksefiskar i Bolstadfjorden
Skisegling på Finse
På jakt etter steinalderen i Skipshelleren
Reinsdyrmøte på vårsnøen
Kongeørn måtte ha hjelp
Tiurleik - det store vårspelet
Finborud og det norske skieventyret
Møte med kronhjorten
Ishotellet i Alta
Solnedgang i skodde på Slettafjellet
Reinsdyrmøte på Vikafjellet
Måne
Istid

     

Skisegling på Finse

Tek du turen til Finse kan du få ei fin vinteroppleving på ski. Prøver du skisegling får du kombinert to tradisjonsrike norske fritidsaktivitetar - segling og ski. Og vind er der nesten alltid på Finse.
 
Vinteren på Finse har noko som passar for alle sin alder og kondisjon.
I terrenget rundt Finse finn du alt frå overveldande fjellmassiv og gnistrande isbreer til meir bedagelege høgdedrag og lange flatar.

Om vinteren kan du velja ein kombinasjon av:
Varierte turar på kvista løyper eller mellom hyttene til DNT
Skisegling der vinden løftar deg over snødekte vidder
Toppturar for eiga maskin med flott utsikt og gode nedrenn
Telemarkskøyring/alpint i skiheisen

Ski og segl:
Skisegling kombinerer to tradisjonsrike norske fritidsaktivitetar - segling og ski.
Dei nyutvikla skisegla gjev deg sjansen til å segla med og mot vinden, over kvite vidder, islagte vatn og opp bratte fjellsider.
Når du vert litt erfaren kan du hoppa både høgt og langt.
Det er enkelt å bruka skisegl, når du har lært det mest elementære, vel å merka. Seglet er festa til ein sele rundt livet og med skia bestemmer du retningen.
På Finse kan du melda deg på dagskurs- eller helgekurs. Du får då eit sertifikat som gjer at du seinare kan leiga skisegl på eiga hand.
Med flinke instruktørar får du med deg eit godt opplegg. Du får kunnskapar om vind og korleis ein skal utnytta denne til å få fart på seglet og skia. Du må bruka eit segl som er tilpassa dei gjeldande vindforhold. Lite vind stort segl, og masse vind lite segl. Det er ofte lett å segla i medvind men verre å komma seg mot vinden. Det vert difor ofte lange spaserturar på ski heim att i starten.

Foto:


Høgt i sky:
Den erfarne seglaren klarar all vind og kjem seg dit han vil. Han klarar også luftige fine hopp og kan komma seg langs oppover bratte bakkar. For å få seglinga bra til, må ein vera god på ski, for det vert ein del rykk og ein må leggja vekta imot for å halda seg oppe. Ein må også ha stødige fjellski med stålkantar og breidde og stive støvlar så ein klarer å skjera snøen bortover. Nokon brukar randonee-ski, men det beste er nok gode telemarkski utan for mykje karving, då desse er betre å styra rett framover og dei er lettare å gå med dersom ein kjem langt på avvegar.

 
Foto:

Finsevinden:
På Finse er du på 1222 m oh. Og det er nesten alltid vind. Finsevatnet er ei god flate til å trena seg på og på sørsida kan ein segla seg opp mot breen. Finse er staden der skisegling starta opp og dette er vorte ein møteplass for skiseglarar i Norge. Ta med skia eller leig det du treng, for på Finse er du i vinden stort sett heile tida...
Foto:
 
Foto:
 

Skiutstyr:
Bruk fjellski med stålkant og stive sko.
Åsnes har utvikla skia Dragefjell. Dette er ein brei fjellski utan karving.
Combat er også godt eigna.

Fakta om turen:
Du tek toget til Finse:
2 timar frå Voss og 3 timar frå Bergen
Du kan ta helgekurs eller dagskurs i skisegling med eller
utan overnatting.
Meir info på www.finse1222.no


 
        Rediger