Natur på vestlandet [Sommer]
   Velkommen   Turar   Galleri   Reportasjar   Bøker   Vossakalenderen   Naturguiding   Foredrag   Om oss  
 
NATURGUIDING

Godt nytt år 2015
Flotafiske på Stamnes
Stetind i Nordland - Norges nasjonalfjell
Tiurleik - det store vårspelet
Reinsdyrmøte på vårsnø
På jakt etter Steinalderen

     

Flotafiske på Stamnes
 


Anita Vik med stortorsken og eit bøtte med mindre fisk.

Å kunna plukka 8-kilos torsk med nevane opp frå sjøen, er ganske uvanleg, men det skjer av og til i fjordstraumen ved Stamnes.

Flotafiske er eit begrep på
Stamnes år om anna. Det vil seia at sjå fisk flyt opp i overflata og
kan plukkast opp frå sjøen med berre hendene.
Det skjer i straumen
mellom Vikafjorden og Veafjorden ved Stamnes sentrum. Når det er mykje
ferskvatn og flaum i Vossavassdraget som er på veg utover mot fjorden
vert det periodevis berre ferskvatn i den "grunne" straumen.
Sjøfisken
som er i området vert då "slått ut" av ferskvatnet og flyt opp. Slik
kunne ein oppleva det i området 26. mai 2011.Då kunne ein berre plukka
opp torsk på 8 kg med berre hendene. Fisken levde enno såvidt, men var
heilt utslått

Då stortorsken vart sløydd, stod
symjeblæra oppblåst som ein fotball. Ferskvatnet gjer at fisken ikkje
klarer å halda det osmotiske trykket rett og han vert blåst opp som ei
ballong.Fisken er heilt flott som matfisk og vart kokt dagen etterpå.

 
Sveinung klyve kan berre plukka opp torsken på 7-8 kg med berre hendene. Foto.Anita Vik




Ein stor  torsk ligg og flyt i overflata med oppblåst mage. Fisken lever enn enno såvidt, men er heilt utslått



 


 
I straumen mellom Vik og Stamnes  er det for tida mykje ferskvatn. Her kan ein oppleva flotafiske.
 


Då stortorsken vert sløydd, står symjeblæra oppblåst som ein fotball.  Ferskvatnet gjer at torsken ikkje klarer å

halda det osmotiske trykket rett og han vert blåst opp som ei ballong.

 

 


 Fisken er heilt flott som matfisk og vart kokt dagen etterpå.

 
        Rediger